Visuell styrke. Levande forteljingar. Journalistisk blikk.

Studio Nerheim
Janne Nerheim
Studio Nerheim er eit kreativt studio som kombinerer grafisk design med skarp formidling og ekte historieforteljing. Bak står Janne – ein erfaren journalist, konseptutviklar og grafisk designar med eit sterkt blikk for både detaljar og heilskap.
Med røter i både visuell kommunikasjon og journalistikk skaper Studio Nerheim designløysingar som ikkje berre ser bra ut, men også betyr noko. Målet er å formidla bodskap med kraft, byggje merkevarer med sjel, og gi innhald eit uttrykk som varer.
Saman vil me løfte fram det unike, finne den klåre forteljinga – og presentere ho på ein måte som engasjerer, rører og gir tillit.

Tenester:
Tenestene våre tek utgangspunkt i forteljinga som skal fram – og korleis ho best kan formidlast. Me kombinerer strategisk tenking med visuell styrke for å skape tydelege uttrykk som engasjerer og varer.

Grafisk design og visuell identitet
Visuelle uttrykk som gir form til bodskapet – og styrkjer det som skal forteljast.

Strategisk kommunikasjon og rådgiving
Klåre forteljingar, gode val og struktur som gir retning.

Marknadsføring og kampanjar
Innhald og formidling som engasjerer, byggjer tillit og varer over tid.
Erfaring:
Eg har over tjue års erfaring med formidling, tekst og visuell kommunikasjon. Som journalist har eg skrive for både store nyheitsredaksjonar og livsstilsmagasin, og gjennom fjorten år har eg samtidig arbeidd med design, merkevarebygging og visuell profilering.
I dag kombinerer eg desse to retningane – språk og design – i arbeid innan strategi, historieforteljing og visuell kommunikasjon for organisasjonar, næringsliv og kulturprosjekt.
Studio Nerheim har erfaring frå oppdrag på tvers av bransjar – frå helse og industri til transport, reiseliv, fagbevegelse og kultur.
Felles for alt arbeidet er ønsket om å skapa ekte, tydeleg og engasjerande uttrykk – både i ord og i form.


